Guide • FAQ • Trening på Hamna

Guide for trening på Hamna

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla. Trykk på eit spørsmål for å lese svaret.

1. Kva slags trening kan eg gjere på Hamna?
På Hamna finn du over 2500 kvm med trening og aktivitet. Vi tilbyr styrketrening, kondisjon, gruppetimar, funksjonell trening (HYRX/WOD), klatring og buldring, kampsport, dans, seniortrening, barne- og ungdomstilbod – og mykje meir. Her kan du finne ei treningsform som passar deg, uansett nivå.
2. Får eg hjelp viss eg er ny og usikker?
Ja. Alle nye medlemmar får ein gratis PT-time. Her får du hjelp til å kome i gang på ein trygg og realistisk måte – tilpassa deg og kvardagen din. Du kan også ta kontakt med resepsjonen for rettleiing.
3. Må eg vere “trent” for å starte?
Nei. Du treng ikkje vere i form for å begynne. Vi har tilbod for nybyrjarar, for deg som kjem tilbake etter pause, og for deg som vil trene smartare og tryggare. Oppstart handlar om å finne ei løysing som fungerer for deg.
4. Korleis bookar eg gruppetimar?
Medlemmer kan booke timar i appen frå kl. 21.00 tre dagar før timen startar. Drop-in kan booke frå kl. 09.00 dagen før timen. Du kan også kontakte resepsjonen på 456 51 898 eller resepsjon@hamnatrening.no.
5. Kva skjer viss eg ikkje møter opp på time?
Avbestilling må skje minimum 90 minutt før timen startar. Ved gjentatte “ikkje møtt” kan bookingtilgangen bli midlertidig stengt. Då tek du kontakt med resepsjonen for å få opna booking igjen. Eventuelle unntak står i timebeskrivinga.
6. Har de tilbod for barn?
Ja. Vi har ei eiga barneavdeling med Vikingkrigar (klatre- og leikerom), samt buldreområde tilpassa barn. Barn kan også delta på alle gruppetimar som er sett opp for deira aldersgruppe – til dømes styrketrening for barn, klatreleik og buldring.
7. Har de tilbod for ungdom?
Ja. Ungdom kan begynne å trene på senteret og bruke alle tilbod frå det året dei startar på ungdomsskulen. Alle ungdomsskuleelevar må ta ungdomslappen (gratis) før dei kan trene sjølv. Dette er ei opplæringstime der vi går gjennom reglar, tryggleik og riktig bruk av utstyr.
8. Har de tilbod for seniorar?
Ja. Vi har eigne seniortimar og prosjektet “Trening med Sanitetskvinnene” kvar tysdag. Dette er eit sosialt og lavterskel tilbod, tilpassa seniorar – med fokus på tryggleik, balanse og funksjonell styrke.
9. Kan eg bruke heile senteret med medlemskap?
Ja. Alle ordinære medlemskap for ungdom og vaksne gir tilgang til treningssenter, gruppetimar, buldring og klatring. Barnemedlemskap gir tilgang til Vikingkrigar, buldrehall og barnegruppetimar.
10. Kan eg trene utan medlemskap?
Ja. Vi tilbyr drop-in og klippekort. Drop-in gir tilgang til heile senteret i betjent opningstid. Klippekort passar for deg som trenar av og til.
11. Når er resepsjonen bemanna?
Resepsjonen er bemanna:
Kvardagar: 09–21
Laurdag: 10–18
Søndag: 10–20
Fann du ikkje svaret du leitar etter?

Ta kontakt med resepsjonen, så hjelper vi deg gjerne.