Klatreutstyr og klatreklede i Nordfjord – med rettleiing frå folk som sjølv klatrar.
I klatrebutikken på Hamna finn du eit breitt og gjennomtenkt utval av utstyr for innandørs klatring, sportsklatring ute og tradklatring – i tillegg til klede og tilbehøyr. Vi legg vekt på kvalitet, tryggleik og god hjelp når du skal velje riktig.
Enten du buldrar inne, klatrar bratt på bolt ute eller jobbar med teknikk i veggen, har vi utstyr som passar. Vi hjelper deg gjerne med å setje saman ei trygg og enkel «startpakke», eller oppgradere det du allereie har.
Riktig klatresko kan gi betre meistring – og betre oppleving. Vi hjelper deg med storleik, passform og val av modell, anten du treng sko til buldring, sport eller trad.
Vi har også utstyr for tradklatring og meir «teknisk» klatring ute. Treng du kiler, kamkiler, forlengerslynger eller tips til kva som passar til det du klatrar, hjelper vi deg gjerne.
Om vi ikkje har varen inne, kan vi ofte bestille inn. Ta kontakt i resepsjonen eller send oss ein e-post, så sjekkar vi pris og leveringstid.



