Klatring ute i Nordfjord

Nordfjord har alt mange etablerte klatrefelt som er verd eit besøk. Dei største og mest etablerte klatrefelta finn du i klatreføraren for Sogn og Fjordane, Klatring i Ørsta og Volda og klatreførar for Sunnmøre. Alle desse bøkene får du kjøpt hos oss i klatrebutikken.

Vidare jobbar klatreklubbane med å utvikle nye klatrefelt. Link til omtale og skildring av felta finn du under.

Nordfjordeid:

Nordfjordeid har ikkje hatt nokre klatrefelt før nå, vår 2019. Torbjørn på Hamna har utvikla 3 nye felt på Haus ved Kjølsdalen.

  • Haushelleren – Dette feltet er det første som vart etablert og består hovudsakeleg av bratte og harde ruter. Grad frå 5 – 9. I tillegg egner denne hula seg for buldring, og det er gått rundt 15 buldre her frå grad 4 – 7B. Det er enda prosjekter i både buldring og klatring så det er bare å ta turen. Si ifrå til Torbjørn om nokon av prosjektane er gått! Minifører for hula finner du her (LINK).
  • Road Haus – Dette er eit nyetablert klatrefelt på Haus. Ligger opp i skogen langs riksvegen og har pr. i dag ca. 15 klatreruter både på bolt og naturlege sikringar. Potensiale for fleire ruter er stort og arbeidet fortsetjer. Klatreførar for feltet kjem etter kvart.
  • Skogs Haus – Høgere opp for Road Haus ligg eit klatrefelt til. Her er det til no 7 klatreruter frå grad ca. 4 – 6. Meir informasjon kjem.

Stryn og Omegn:

  • Beachen – Eit av Noregs mest besøkte klatrefelt. Feltet ligg fantastisk til med ei utsikt som kan gje mange fine klatredagar. I tillegg er feltet egna for småbarnsfamiliar. Gradering på rutene frå 4 – 9-. Omtale av feltet er i klatreføraren for Sogn og Fjordane.
  • Kleiva – Dette feltet er eit av dei eldre i Stryn og vart utvikla på 90-tallet. Her er det ca. 10 ruter frå grad 5+ til 8. Feltet er under utvikling og primus motor er Einar Løken. Omtale av feltet kan du finne på Stryn Klatreklubb sine Facebooksider.
  • Erdalen – Nytt felt beskrevet i Sogn og Fjordane føraren.
  • Folven – Nytt felt beskrevet i Sogn og Fjordane føraren.
  • Briksdalen – Fantastisk plass for dei som ynskjer å buldre saman med familie og venner. 

Gloppen:

Følgande felt er beskrevet i Sogn og Fjordane føreren:

  • Sagafloten
  • Ulva
  • Varbufjellet

Vågsøy:

Her kjem det meir informasjon etter kvart. Vi veit at det er nokre eldsjela som også utviklar klatrefelt her. 

Volda og Ørsta:

Meir informasjon i klatreføraren for Ørsta og Volda.

Molladalen:

Meir informasjon i klatreføraren for Sunnmøre.

Hornelen:

Her er det mykje potensiale!