Fysioterapi

Fysioterapeutane Eli Merete Melheim og Gunn Skrede har behandlingsrom og eiga avdeling med medisinsk treningsterapiutstyr på Hamna Trening.

Ein fysioterapeut førebyggjer og behandlar skader og sjukdommar som gjev smerte og/eller nedsatt funksjon i muskel- og skjelettsystemet. Fysioterapibehandlinga er basert på undersøking og vurdering av pasientens problem og kva pasienten sjølv ønskjer hjelp til. Målet er at pasienten kan utvikle, gjenvinne eller halde vedlike funksjonsevna, utnytte eigne ressursar og bidra aktivt i å betre eiga helse. Effekt av treningsbehandling på lidingar i rørsleapparatet er svært godt dokumentert, og ein ønskjer difor primært ei aktiv behandling.

Fysioterapeutane kan tilby: Treningsbehandling med utstyr for medisinsk treningsterapi og slynge, laserbehandling, kinesiotaping, nålebehandling av triggerpunkt, behandling med ulike manuelle teknikkar, såletilpassing.

Det er opp til fysioterapeuten å vurdere om personen har behov for fysioterapi, og ta kontakt med fastlege eller andre ved behov for vidare henvisning, andre undersøkingar eller anna behandling.

Fysioterapeuten følgjer ein prioriteringsnøkkel fastsatt av kommunen, der nyopererte og personar med akutt skade har førsteprioritet. I periodar med stor pågong kan ein rekne med noko ventetid til fysioterapi.

Fysioterapiverksemda er regulert via ei driftsavtale med Eid kommune (Stad frå 2020), og dermed avtale med HELFO. Dette inneber at betalinga for fysioterapi følgjer HELFO sitt takstsystem. Eigenandelane tel som opptening til Frikort for eigenandelstak 2, slik at ein i løpet av eitt kalenderår ikkje skal betale meir enn kr 2085 (gjeld for 2019).

Ein vil ha eitt tett samarbeid med Hamna Trening, der ein kan få vidare oppfølgjing med trening, anten i form av individuelle øvingar eller ulike gruppetreningar.

Der vil vere gunstige avtaler for personar som nettopp har avslutta fysioterapi, og som vil halde fram med trening på treningssenteret.

Ein treng ikkje lenger henvisning til fysioterapi, og ein kan ta direkte kontakt på tlf.nr. 48383475.

Eli Merete arbeider måndagar, tysdagar, torsdagar og fredagar. Gunn arbeider onsdagar.