Dans for barn og ungdom!

Vi vart veldig lei oss då vi fekk høyre at kulturskulen dessverre ikkje kan ha dans dette semesteret. Etter ein samtale med ungdommer på Hamna kontakta vi Tuva Nyhammer Taklo, som igjen tok kontakt med Martha Pavelich. Dei er begge to vokst opp med dansetilbudet i Eid og vil gjerne bidra til at barn i Eid skal få danse medan ein ventar på ein ny danselærar ved kulturskulen.

Tuva og Martha har vore aktive i opera og musicalmiljøet i Eid, og har også vore vikarar på kulturskulen som instruktørar. No gledar dei seg å ha danseundervisning for barn og ungdom på Hamna til midten av November. Kulturskulen har bekrefta for oss at desse to damene kjem til å gi eit fantastisk tilbod til barna i Eid, og dei er glade for at vi kan ha dette tilbodet i haust.

Førskule-2.klasse Søndager kl.16.00-17.00: Hos dei yngste blir det fokus på å bevege seg, vere merksam på omgjevnadane sine og sjølvsagt å ha det kjekt!

 

3-4. klasse Søndager kl.17.15-18.15: Her blir det litt små øvelsar, og små rutiner/koreografier og arbeid med musikalitet.

 

5-7. klasse Fredager 16.30-18.00: Det blir meir øvelsar og koreografier. Jobbing med musikalitet, forskjellige sjanger og teknikk.

 

Ungdomsskule & Vidaregåande Fredager 20.00-21.30: Der kjem vi til å ha dans og øving på små koreografi og helse på forskjellige dansesjanger og teknikk. Arbeide med musikalitet og bli vandt med å stole på kroppen sine bevegelsar. 

 

«Det aller viktigaste for oss er at det ikkje er noko press på å vere flink, det handla om å lære noko nytt og å ha det kjekt!»

Martha Pavelich

 

For å delta på timane må ein være medlem på Hamna(349kr per mnd). I dette medlemskapet får ein i tillegg fri tilgang på barnerommet og mulighet for å være med på klatregrupper, parkour, styrketrening og andre treningstilbud for barn.

For medlemskap trygg her:

https://hamnatrening.no/nyemed...

For påmelding dansegruppe trykk her:

https://hamna.ibooking.no/?page=courses

 

Spørsmål kan sendes til Kristian@hamnatrening.no

Får du ikkje meldt deg på?

Ring resepsjon 413 65 547 eller send epost resepsjon@hamnatrening.no.