Om Hamna Trening

Treningssenteret har sin opprinnelse i Øyane, der Tonny Sørland og Rune Skårhaug starta opp med treningssenteret mest kjent som "Ambulansen". Dei dreiv treningssenteret der i omlag ti år, før dei flytte heile treningssenteret og squashhallen bort til dei gamle meierilokala. Her valte dei å gi treningssenteret navnet Hamna Trimrom.

Så tok, Ørjan Solheim, som trente hos Tonny og Rune sidan oppstarten i Øyane, og Odd Inge Kviebakk over treningssentret rett over nyttår 2014. Navnet vart endra til Hamna Styrke og Kondisjon, då ein ønska å fokusere på styrke- og kondisjonsutstyr. Det vart umiddelbart gjort endringar i lokala og bl.a vart squashhallen gjort om til frivektsavdeling. De fikk også inn ein del nytt utstyr. 

November 2018 fik Hamna nye eigarar, Kristian Haga Orheim og Torbjørn Ruud Hagen og de endra navn til Hamna Trening i Januar 2019. Dette med tanke på at det er trening som er i fokus og at Hamna Trening etterkvart skal bli Hamna Klatring. Kristian og Torbjørn har gjort en del oppgraderinger i Hamna alledere i starten og kommer til å fortsette å heve standaren på utstyr og lokalet generelt. Det er bla. nå tilgjenglig dusj for alle medlemmer. 

Treningssenteret er fortsatt ubemanna og stiller difor store krav til at kvar enkelt medlem tek vare på lokala og utstyret, slik at vi kan fortsette å halde prisane låge.

Sjå elles bilder og video på facebook.com/hamnatrening eller ta kontakt om du ønskjer å komme innom for å sjå korleis vi har det på Hamna.

Utskrift E-post