Retningslinjer

Vi som driv Hamna Trening ønskjer at treningssenteret skal framstå reint og ryddig. Vi ønskjer også at alle som trenar hos oss skal trivast og føle seg vel under treningsøktene. Dette er kun mogleg dersom samtlege medlemmar gjer ein innsats for å auke trivselen og halde treningssenteret ryddig kvar dag. Det er difor ønskjeleg at alle medlemmar hos Hamna Trening set seg inn i dei gjeldande retningslinjene.

Alle våre retningslinjer heng godt synleg på vår tavle inne på treningssenteret, der dei to viktigaste punkta er at nøkkelbrikken kun gjeld for den eine personen det er betalt for og at alle medlemmar pliktar å rydde etter seg.

Utskrift E-post