Informasjon om medlemskap

Åpningstid: Vi har åpent 24 timar i døgnet og heile året (inkl. jul, påske og andre helligdagar).

Bli medlem: Om du ønskjer å bli medlem tek du kontakt med Kristian Orheim (tlf. 918 32 369) eller Torbjørn Ruud Hagen (tlf. 932 65 232). Nye medlemmar avtalar eit tidspunkt der det passar å møtast på Hamna.

Nøkkelbrikke: Alle medlemmar får ein personleg nøkkelbrikke som gir tilgang til treningssenteret heile døgnet. Denne nøkkelbrikken gjeld kun for ein person. Har du allereie ein nøkkelbrikke treng du berre å ringe, sende sms eller mail, eller ta kontakt på facebook.

Dag, veke eller månad: Du vel sjølv kor lenge du ønskjer å vere medlem. Vi har ingen bindingstid og ingen oppsigelsestid. Alle nye medlemmar betalar for nøkkel (kr 100,-) og innmelding (kr 75,-) - dette er ein eingongssum. Ved fornying betalar ein kun for perioden ein ønskjer å trene.

Betaling: Som medlem vel du sjølv korleis du ønskjer å betale. Normalt sett sender vi faktura på e-post, men du kan også betale kontant, med kort eller få med ein giro (som du også kan bruke som kvittering der det er behov for det). Vi tilbyr også betaling med vipps.

Fryse medlemskap: Alle medlemmar har anledning til å fryse medlemskapet. Om dette vert aktuelt for deg, tek du kontakt med oss på Hamna Trening. Du vel sjølv når og kor lenge du ønskjer å fryse medlemskapet.

Aldersgrense: hos Hamna Trening er den frå det året ein fyller 15 år. Vi krev underskrift frå foreldre for alle som er under 18 år. Barn som fyller eller er under 14 år får kun tilgang etter avtale om at ein trenar saman med ein vaksen ansvarleg person.

Gruppetrening: Er det ønskjeleg å trene i gruppe (til dømes utøvarar innan alpint, ski, fotball, handball eller andre som bedrifter, pensjonistar osv.)? Ta då kontakt for prisforslag.

Utmelding: Du treng ikkje melde deg ut. Når du vert medlem betalar du for den perioden du ønskjer å trene og då vert nøkkelbrikken automatisk låst etter siste dagen du har betalt for.

Jobbar du turnus / offshore: Du betaler då kun for den perioden du har anledning til å trene. F.eks om du jobbar to veker på og to veker av, vil vi åpne medlemskapet i to månadar dersom du ønskjer ein månad trening. Betaler du for to månadar trening, åpnar vi i fire månadar.

Utskrift E-post