Bedriftsmedlemskap

Ønskjer du å gi dine tilsette tilbod om medlemskap på Hamna som eit gode gjennom jobben eller gi økonomisk bidrag til trening. Ønskjer du at di bedrift bør tilby sine tilsette dette tilbodet - tips gjerne bedrifta di. Ta kontakt for å få tilgong til bedriftsprisane. Vi gir rimelegare pris pr. mnd på bedriftmedlemskap og ein får éin gratis nøkkel, samt rimelegare pris på ekstra nøklar og innmelding.

Kvifor tilby trening til sine tilsette?

God helse er ofte eit resultat av regelmessig fysisk aktivitet. God helse gir større arbeidskapasitet og effektive tilsette.

Gjennom regelmessig trening får arbeidstakarane meir energi og auka konsentrasjonsevne. Mange kjenner i tillegg at både søvnkvalitet og humør blir betre. Ei bedrift har difor mykje å vinne på å bidra til betre helse hos dei tilsette.

Det er ofte mange tilsette i ei bedrift som er fysisk inaktive etter jobb. Det er tilsette som kjem på jobb, men som ofte ikkje presterer optimalt. Det kan være snakk om alt fra overvekt, dårlig kosthald, rygg- og nakkeplager, stress, søvnproblemer og liknande, som igjen kan føre til lågare produktivitet og høgare sjukefråvær. Den beste investeringa med størst avkastning er å få dei fysisk inaktive tilsette til å endre livsstil. Dette er noko du som arbeidsgivar kan gjere noko med!

Mange bedrifter tilbyr eksempelvis trening i regi av arbeidsplassen og/eller økonomisk bidrag til trening. Dette er gjerne goder som er høgt verdsatt hos arbeidstakarane og gir ei positiv haldning til bedrifta. Det kan også bidra positivt til det sosiale og gir auka samhald blant dei tilsette.

Utskrift E-post