Nye apparat på plass

To nye kondisjonsapparat er no på plass på Hamna Styrke og Kondisjon.

Hamna Styrke og Kondisjon har sommaren 2016 investert i ny ellipse- og stepmaskin. Desse er av merket Abilica og vart kjøpt gjennom Gym2000. Dei står klare til bruk på treningssenteret og vi minner i den anledning om at alle som ønskjer å prøve treningssenteret gratis er hjerteleg velkomne.

I tillegg har vi fått inn nye armhevingshåndtak, nye lette vektskiver (0,125kg), foam roller til bl.a uttøyingsøvingar og nytt dipsbelte i lær. Det er også kome på plass fem underlagsmatter til kondisjonsapparata.

Er det noko du saknar på Hamna kan du gjerne ta kontakt på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. og vi vurderer alle tips fortløpande - nokre ønskjer infrir vi umiddelbart, medan andre kjem med på dei komande rundane med investeringar i treningssenteret.