Bedriftsmedlemskap til dine tilsette?

Vi kan tilby gode vilkår for bedriftsmedlemskap på Hamna Styrke og Kondisjon.

 

Kvifor gi dine tilsette bedriftsmedlemskap?

God helse er ofte eit resultat av regelmessig fysisk aktivitet. God helse gir større arbeidskapasitet og effektive tilsette.

Gjennom regelmessig trening får arbeidstakarane meir energi og auka konsentrasjonsevne. Mange kjenner i tillegg at både søvnkvalitet og humør blir betre. Ei bedrift har difor mykje å vinne på å bidra til å betre dei tilsette si helse.

Det er ofte mange tilsette i ei bedrift som er fysisk inaktive etter jobb. Det er tilsette som kjem på jobb, men som ofte ikkje presterer optimalt. Det kan være snakk om alt fra overvekt, dårlig kosthald, rygg- og nakkeplager, stress, søvnproblem og liknande, som igjen kan føre til lågare produktivitet og høgare sjukefråvær. Den beste investeringa med størst avkastning er å få dei fysisk inaktive tilsette til å endre livsstil. Dette er noko du som arbeidsgivar kan gjere noko med!

Mange bedrifter tilbyr eksempelvis trening i regi av arbeidsplassen og/eller økonomisk bidrag til trening. Dette er gjerne goder som er høgt verdsatt hos arbeidstakarane og gir ei positiv haldning til bedrifta. Det kan også bidra positivt til det sosiale og gir auka samhald blant dei tilsette.

Ta kontakt for tilbod om bedriftsmedlemskap på Hamna Styrke og Kondisjon.